I år har jola kome av seg sjølv her i huset, men litt pynting og kaker blei det i år også, takka vera mannen som lot seg kommandere rundt, og god hjarta bakstedamer som fylte boksane med gode kaker. Sjølv om den ammande mor stappa i seg ein god del før jol, så er det framleis att litt i boksane.Det smakar liksom best før jol!
Adventstida gjekk med til å vente på lille "Bertemor" som kom 10 dagar etter termin, men 9.desember var det overstått:)
På middagsbesøk dukka jammen ein liten nisse opp, så når Veslemor var mindre interessert, så fekk helller Mor og Bertemor stille opp for fotografen.
Her er "kjolen" som eg strikka i ventetida, litt kort kansje, men syns den blei bra nok, har strikka uglemønster framme, strømper er strikka i mønster fra boka MYK START. Eg hadde nemleg totalt strikkedilla dei 2 seiste måndane før termin. Håpar den forblir , slik at eg kan få laga alt det fine eg planla å lage mens eg satt fast i stolen;) Eg har nemleg utvikla meg i rett retning når det gjeld strikking, og utfordrar meg sjølv litt, men ikkje alt for store mål, då eg er ekstremt utålmodig. Men ein lærer .................
- Under er det ein søt liten velkomstbukett til Bertemor, pynta med 4 hjarte, eit for kvar familiemedlem!